FØDE OG BARSEL ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga
Avdelinga har eit stabilt og høgt kvalifisert fagmiljø. Vi har jordmor-poliklinikk. Jordmødre med spesialkompetanse utfører ultralydscreening og vekstkontrollar. Mange av jordmødrene våre har spesialkompetanse innan fødeakupunktur. Avdelinga bruker STAN. Vi har tilbod om fødsel i vatn To av fødestovene har fødebadekar. Føde/barselavdelinga er Mor-barn vennleg i forhold til amming.
Avdelinga har ledig 2 faste 100% stillingar frå 04.11.2019 + to vikariat på 50% for jordmor ved Seksjon føde/barsel i Ålesund. Vikariata har oppstartdato snarast og går til 12.januar 2020 med muligheit til forlenging. Alle stillingane har f.t tredelt turnus.
Søknadsfrist: 13.10.2019
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Tittel: Jordmor
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4122368600
Positions: 4
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er ved føde og barselavdelinga
Vi har ca 1300 fødslar pr år.
Kvalifikasjonar
Jordmorutdanning
Søkjar må dokumentere norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innanfor jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
Tilleggskompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskaper vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø
Avdelinga har i fleire år hatt årsturnus.
12-timersvakter på helg (kvar 4. helg) for dei som ønskjer det.
Løn etter gjeldande overeinskomst
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi tilbyr tilrettelegging for pendlerturnus.
Arbeidsstad
Åsehaugen 1, 6026 Ålesund
Norge
Kontaktinformasjon
Marianne Bakken Omvik
Seksjonsleiar
+47 70105921
Vigdis Heier Stavseng
Seksjonsleiar
+47 70105938
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal